Til innholdet

Eit omdømmeløft for sjømat

Med referanse til heftet "Hav og Helse", blir sjømat peika ut som den perfekte helsematen over heile Dagbladet si framside 20. oktober. - Ei slik synleggjering av fiskens positive helseeffektar er positivt for omdømmet til sjømat, seier direktør i forskingsfondet FHF, Terje Flatøy.

Dagbladet tek i oppslaget mål av seg til å skilje sanningar frå mytar når det gjeld sjømat, og så lenge dei støttar seg på informasjonsheftet "Hav og Helse", er dei på trygg fagleg grunn. Heftet summerer opp status for kva forskarane har avdekkja om sjømaten sine helseeffektar. Linken er dessverre fjernetSunt både for gravide og andreLinken er dessverre fjernet Ein av mytane som blir avkrefta, er at gravide ikkje bør ete fisk. Enkelte slag rovfisk, så som gjedde, bør ein rett nok vere varsam med i svangerskapstida, men Dagbladet og forskar Rune Larsen i Nofima melder at laks, kveite, sild og makrell i alle høve er sunt for både mora og fosteret. Fisk tilfører fettsyrer som er viktig for utvikling av hjerne, nervesystem og auge. Artikkelen understrekar at ein ikkje bør ta for god fisk alt det som blir skrive om fisk. Det er enno mykje forskarane er usamde om. Men at alle bør ete fisk minst to gonger i veka, er det likevel ingen tvil om. Ta turen innom fiskehandlaren i dag, er likså godt oppfordringa frå Dagbladet. Linken er dessverre fjernetHav og HelseLinken er dessverre fjernet Heftet "Hav og Helse" er utvikla av Nofima Marin. Utvikling blei handsama av Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) på vegne av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF). Heftet blir mellom anna sendt ut til ungdomsskuler og barnehagar gjennom det statlege Fiskesprelltiltaket. For meir informasjon, sjå  » heftet Linken er dessverre fjernetHav og HelseLinken er dessverre fjernet  » artikkelen Linken er dessverre fjernetDerfor er sjømat suntLinken er dessverre fjernet  » artikkelen Linken er dessverre fjernetUngdom får lære om helseeffektene av fiskLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetlanseringsforedragetLinken er dessverre fjernet for Hav og Helse
keyboard_arrow_up