Til innholdet

Få fisk - og ikkje fugl på lina

Linefiskarane kan auke overskotet ved å nytte det effektive fugleskremselet "Kjalkeskrema". Mindre tap av agn og meir tid til fiske vert resutatet når havhesten eller kjalken som han óg kallast, ikkje beiter av lina eller i verste fall set seg fast på kroken.

I juli vart videoen om kjalkeskrema sendt ut til linefiskarar over heile landet. Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) har no ein nettversjon av videoen. Kvaliteten på nettversjonen er teknisk dårlegare enn originalen. Ein får likevel eit inntrykk av bruken av kjalkeskrema. Ikkje minst bør sjåarane merke seg at kjalkeskrema har fleire funksjonar enn berre å skremme fuglen.

Sjøfuglen vert fysisk hindra frå å nærme seg lina når den naturlege flygebanen vert stengt av. Dei til tider plagsomme fuglane må såleis finne seg eit anna matfat. Sjå filmen her: Linken er dessverre fjernetKjalkeskremaLinken er dessverre fjernet

keyboard_arrow_up