Til innholdet

22.10.2013

Større FoU-program mot rømming av oppdrettsfisk

Rømming av oppdrettsfisk representerer eit alvorleg problem for havbruksnæringa. Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) tek på vegne av næringa tak i dette problemet. Det er sett i verk eit større program for å betra dagens tekniske løysingar og system, samt å utvikla ny og betre teknologi. Programmet har ei ramme på 2,2 mill. kr.

Utforminga av programmet er tufta på ei omfattande analyse av årsaker til rømming. Resultata dannar grunnlag for dei innsatsområder og tiltak det vert gått inn på. Det er i programmet lagt opp til et tett samspel mellom næringsutøverane, leverandørar av utstyr og FoU-miljø. Programmet tek føre seg 4 hovedområde: 1. Utvikling av bedre forankringssystem (herunder også varslingssystem) 2. Miljøkrefter og effekt på anlegg, herunder straummålingar og måleutstyr 3. Tiltak som kan hindra ising på anlegg 4. Bedre anleggs- og driftsrutinar, herunder også betring av ulike komponentar i anlegget Å få fram konkrete resultat snøggast råd, og som kan nyttast av oppdrettsnæringa direkte, er det viktigaste med programmet. Dermed er det konkrete utviklingsprosjekt som vil kome i høgsete i dette programmet. FHF har leigd inn SINTEF Fiskeri og havbruk til å organisere og leie arbeidet. I samarbeid med dei prøver vi ut nye modellar for korleis ein på best mogleg måte skal få fram nyttige og raske resultat av arbeidet til beste for næringa. Såleis vil det verte leigd inn ekspertise frå resten av SINTEF-/NTNU- systemet saman med ekspertise frå spesialistar som ein kan finne innan andre offentlege-/private- organisasjonar/selskap. SINTEF vil få ei aktiv rolle som iniatiativtakar for å få i gong konkrete utviklingsprosessar saman med leverandørindustrien og næringsutøvarane.
keyboard_arrow_up