Prosjektnummer
901887
Gjenfangst av fastståande fiskereiskap på avvege: Uttesting av systemet PingMe
• Systemet fungerer i kommersielt aktivt fiske, men det har gjennom prosjektperioda blitt identifisert ein del potensiale for forbetring som må bli tatt omsyn til.
• Fiskarane som har testa systemet har funne det nyttig som ei støtte i fiskeriet deira å få posisjon og djup der fiskeutstyret landar på havbotnen samt botntemperatur, og med vidareutvikling og integrasjon av fleire sensorar kan det gi endå betre nytte.
• Det er store individuelle forskjellar blant båtane i kor godt systemet har ytt, blant anna på grunn av forskjellar i storleik, støy, skrogmateriale, fiskedjup og ekkoloddbruk.
• Dagens versjon av PingMe-systemet oppfyller nokre av krava som skal til for at eit slikt system skal bli tatt i bruk av næringa, som kor godt tilleggssensorane fungerer og at systemet fungerer i bølgjehøgde, botnstraum og brukstemperatur som er vanleg å kome ut for i kommersielt fiske. Men det er framleis ein del krav som er delvis- eller ikkje oppnådd.
• Sjølv om systemet kan bidra til å redusere leitetida drastisk og hindre reiskapstap, samt bidra til eit meir effektivt fiske med overvaking av miljøparameter er ikkje dette nødvendigvis noko fiskarane trur vil lette arbeidet deira på dette tidspunktet.

Samandrag av resultat frå den faglege sluttrapporten i prosjektet
Erfaringane frå uttestinga viser at PingMe-systemet har potensial til å bli eit nyttig verktøy for sporing og gjenfangst av tapt fiskereiskap. Det blei dokumentert maksimal rekkjevidde på opp mot 1800 meter avstand. Samstundes viser resultata at ytinga er påverka av støy frå båten (spesielt ved høg fart) og ekkoloddbruk, som varierte mykje mellom fartøy, skrogtypar og fiskedjup. Den største båten, M/S Angelsen Senior, hadde gjennomgåande best rekkevidde og lågast støynivå, medan dei mindre fartøya opplevde større avgrensingar på grunt vatn og ved høg fart. Alle båtane hadde best yting av systemet under blåkveitefisket der dei fiska djupare.

PingMe-systemet oppfyller nokre av krava for at eit slikt system skal bli tatt i bruk av næringa, som kor godt tilleggssensorane fungerer og at systemet fungerer i bølgjehøgdar, botnstraumar og brukstemperaturar som er vanleg å kome over i kommersielt fiske. Men det er framleis ein del faktorar som delvis eller ikkje er oppnådd. Teknologien som har blitt testa i prosjektet for gjenfangst av fiskereiskap er moden og er tilgjengeleg på den kommersielle marknaden (TRL9), men marknaden er ikkje nødvendigvis like moden for å ta den breitt i bruk. Vidare arbeid med pris, reduksjon av påverknad frå støy, auka rekkjevidder, og integrasjon i eksisterande løysingar er nødvendig for å oppnå meirimplementering av systemet i næringa.
Prosjektet viser at akustisk sporing av fiskereiskap har stort potensial som framtidig løysing for å redusere tap av fiskereiskap. Samstundes understrekar resultata at teknologien bør vidareutviklast meir for å få større næringsnytte.
Prosjektet har vist at det er mulig å utvikle funksjonell teknologi for gjenfangst og kontroll over eksakt posisjon på fiskeredskap. Selv om det gjenstår en del utvikling før en har et optimalt produkt, så kan det synes som at deler av flåten har tro på en modifisert teknologisk løsning. En vurderer derfor næringsnytten til å være god.
-
Sluttrapport: Gjenfangst av fastståande fiskereiskap på avvege: Uttesting av systemet PingMe
Runde Forskning (RF). 1. desember 2025. Av Ovidie Mari Lynge (RF), Odd-Børre Humborstad (Havforskningsinstituttet (HI)), Kristin Collier Valle (Ocean Space Acoustics (OSAC)), Erle Smedbold (RF), Ørjan Sørstrønen Vabø (RF), Nils-Roar Hareiede (RF), Jørgen Høyer (HI), Jostein Saltskår (HI), Simon Strøm (OSAC) og Karsten Kvalsund (RF).
Tap av fiskereiskap fører til ei skjult beskatning på ressursane, til dårleg dyrevelferd og til marin forsøpling. Moglegheita til å raskt gjenfinne tapt utstyr reduserer uheldige effektar. I følgje ei undersøking gjennomført av SINTEF har Ocean Space Acoustics (OSAC) AS kome lengst i si løysing for merking og gjenfinning av tapte reiskap (PingMe). I dette prosjektet skal dette utstyret bli vidare testa i kommersielt fiske og i kontrollerte forsøk. Runde Miljøsenter AS (morselskapet til Runde Forsking AS) og Havforskningsinstituttet har tidlegare arbeidd med fleire relevante prosjekt innan marin forsøpling og fiskeri. Dette prosjektet vil byggje vidare på arbeidet.
Hovudmål
Teste og dokumentere PingMe som ei mogleg løysing for å finne igjen fastståande reiskap som har kome på avveie.
Delmål
1. Å utarbeide ein kravspesifikasjon til ei transponderløysing – kva må teknologien prestere for at den skal bli tatt i bruk?
2. Å funksjonsteste PingMe under kontrollerte forsøk i ulike djup og under ulike straumforhold.
3. Å vidareutvikle, dokumentere og implementere PingMe som gir moglegheit for gjenfinning av tapt, fastståande reiskap.
4. Å gjera ei vurdering av næringsnytte og korleis resultata kan utnyttast.
Tap av fiskereiskap er negativt både for økonomien til fiskarane og for miljøet i havet og det er difor utelukkande positivt å gjere det enklare å finne igjen utstyr som har blitt tapt. Resultata frå dette prosjektet vil vere med på vidareutviklinga av PingMe-systemet, som igjen i framtida kan føre til ein reduksjon i fiskeutstyr som ikkje blir gjenfunne. Fiskenæringa er den næringa som blir skulda for å vere den største kjelda til marin forsøpling i Noreg, og resultata i dette prosjektet kan bidra til å redusere denne mengda samt til å betre omdømme for næringa. Reduksjon av marin forsøpling vil vidare føre til redusert spøkelsesfiske. Spøkelsesfiske er uynskt av omsyn til dyrevelferda, det er ei skjult beskatning av fiskeressursane og det er både økologisk og økonomisk ugunstig. PingMe-systemet vil og bidra til ei effektivisering av fiskeoperasjonar både ved å spare tid på sokning etter tapt utstyr og ved å gi fiskaren verdifull informasjon om straum og temperatur for setninga si.
Prosjektet vil først utvikle ein kravsspesifikasjon gjennom eit arbeidsmøte (workshop) før det deretter vil bli fokusert på å teste PingMe-systemet på passive reiskapsgrupper. Systemet skal testast i både aktivt fiske med kommersielle fartøy og i meir kontrollerte forsøk utanfor aktivt fiske. Resultat og erfaringar frå prosjektet vil bli vidareformidla til OSAC kontinuerleg.
Prosjektorganisering
Runde Forsking AS er prosjektansvarleg og Havforskningsinstituttet (HI) er ein viktig samarbeidspartnar og vil blant anna styre arbeidspakke 3. I tillegg er Ocean Space Acoustics (OSAC) AS med i prosjektgruppa, samt to fiskefartøy som kan fiske med både garn og line.

Runde Forsking og HI skal samarbeide om kommunikasjon. Det vil gjennom heile prosjektet bli tatt video og bilete både om bord i fartøy og under vatn. Dette materialet vil både bli brukt vitskapeleg og i formidling. Det vil og bli holdt presentasjonar av resultat på relevante seminar/webinar.