Til innholdet

Prosjektnummer

900302

Prosjektinformasjon

Prosjektnummer: 900302
Status: Avsluttet
Startdato: 01.08.2009
Sluttdato: 31.12.2011

Akustisk overvåking av sei i Ryfylkebassenget

Oppdrettsanlegga trekk til seg til marine fiskeartar, og samlingar av sei er vanlege ved anlegg langs heile norskekysten. Fordi denne seien kan eta oppdrettsfôr, har fiskarane i Ryfylke opplevd redusert kvalitet og omsetjingsvanskar for fisken. Det har også vorte stilt spørsmål om seien sin naturlege vandring mellom fjord og ope farvatn vert påverka av oppdrett. Det var såleis ynskje om å starte ein innleiande merkestudie for å få meir kunnskap om seien sin åtferd i Ryfylke. Sei som var litt over 3 år gamal blei merka vår (0,8 kg i snittvekt) og haust (1,6 kg) 2010 med tradisjonelle ytre merke, og nokre fikk òg akustiske sendarar. Sendarane kunne gi meir detaljerte opplysningar om vandringa mellom dei 15 anlegga i Ryfylke der det var plassert lyttebøyar, og i tillegg informasjon om kor seien stod i vassøyla. Både forvalting, fiskarar og dei lokale næringsaktørane deltok i gjennomføringa av prosjektet.

Merka sei har blitt gjenfanga frå 2010 og heilt fram til dags dato (mars 2012), i alt 2,6 % av dei som vart sleppt. Litt meir enn 60 % av dei innsendte merka kjem frå Ryfylke, medan dei andre er fanga på andre delar av kysten, i Nordsjøen og områda vidare mot Island. Fangstane tyder på at dei har kome opp i 2–4 kg halvanna år etter merkinga. Mange av fiskane med akustiske sendarar forsvann frå forsøket i løpet av dei første vekene og månadene. Likevel blei 39 % av dei verande i fjorden utover i 2011, og i november same året var 18 % framleis til stades. Dei vandra mykje mellom dei ulike oppdrettsanlegga. Sjølv om nokre av desse kunne vere vekke frå anlegg i periodar, så heldt dei seg ved anlegga mesteparten av tida, og gjennom ein stor del av døgeret. Symjedjupet varierte mykje både mellom individ og kva anlegg dei vart registrert på, frå overflata og ned til 300 meters djup. Det såg likevel ut som om dei stod høgare og meir samla i vassøyla om sommaren.

Når ein ser på resultata frå merkingar av sei på 1970-talet, peikar dei på at seien på den tida var til dels mykje mindre då den vandra ut i ope farvatn. Resultata, der ein vesentleg del av fisken vandrar ut seint, eller blir ståande igjen i fjorden, tydar derfor på at ikkje alle følgjer det opphavlege vandringsmønsteret til seien. Dei som vandra ut har derimot blitt fanga i dei same områda som tidlegare. Prosjektet har såleis gitt eit tydeleg signal om at oppdrettsverksemda påverkar seien i Ryfylke. For å få eit betre grunnlag for å vurdera omfanget av påverknaden, er det fleire ting som burde undersøkast betre. Særleg viktig er det å få betre data på bestandsstorleik og biologi elles til seien som oppheld seg i kyst- og fjordområda. Ein analyse av, og samanlikning med historiske fangstdata kan òg vera til hjelp.
I de seinere årene har kystfiskerne i Ryfylke opplevd redusert kvalitet og omsetningsproblemer for villfisk. At villfisk spiser fôrspill og partikler fra oppdrettsanlegg anses å være en viktig årsak til dette. I tillegg mener fiskerne å observere at villfisken i området flytter seg fra tradisjonelle fiskefelt til områder med oppdrett. Et annet FoU-prosjekt, “Ryfylkeprosjektet”, er igangsatt for å utrede tiltak, som på sikt bør bidra til å bedre denne situasjonen.
 
For å kunne vurdere potensielle effekter av oppdrett på atferd hos villfisk på en god måte (vandringer, oppholdssteder, dyp, fangbarhet og evt. potensial for levende mellomlagring m.m.), er det ønske om å starte opp et begrenset prosjekt for å overvåke seiens vandringer i Ryfylke-området ved hjelp av akustikk. Et slikt prosjekt er forankret i FHFs handlingsplan for 2009 (innsatsområde for kystsoneforskning).
Å kartlegge seien i Ryfylke sin vandring gjennom tre år ved å se på:
• hvor stor del av tiden seien oppholder seg rundt oppdrettsanlegg
• sesongvariasjon i vandring
• oppholdsdyp
• hva slags effekt fiskens størrelse og alder har på vandringsmønsteret
• om seien vandrer ut av Ryfylkebassenget, eller om den er stasjonær
• bidra med kunnskap for en mer målrettet og effektiv fangst av villsei, samt utvikling av sikre og effektive fangstmetoder (organiseres gjennom “Ryfylkeprosjektet”)
Sameksistens mellom oppdrett og fiskeri vil være til fordel for begge parter, men det forutsetter at den ene parten ikke påfører den andre negative konsekvenser. Sammen med annet FoU-arbeid vil dette prosjektet bidra til kunnskapsgrunnlaget for sameksistens mellom lokalt fiskeri og oppdrett.
 
Prosjektet vil også støtte opp om nytten med “Ryfylkeprosjektet” gjennom:
• bedre utnyttelse av villfiskressursene i Ryfylke
• optimal kvalitet på ferskt råstoff fra Ryfylke (jfr. Regjeringens ferskfiskstrategi)
• økte råstoffpriser og bedre inntjening for kystfiskerne i området
• økt lønnsomhet hos mottak og fiskeindustri (og opprettholdelse av mottaksstruktur)
• bedre samspill mellom fiskeri- og oppdrettsnæringen, både i Ryfylke og nasjonalt
Prosjektet har et beskjedent omfang og har karakter av et forprosjekt. Oppstart blir høsten 2009, med merking av ca. 10 villsei fanget på tre ulike oppdrettsanlegg (30 fisk til sammen). Analyse av vandringen fra disse første forsøkene vil danne grunnlag for videre merking i 2010 og 2011. Sluttrapport vil bli ferdigstilt i mars 2011. For øvrig vises det til vedlagte prosjektplan.
Målgruppen for formidling er i første rekke fiskere og oppdrettere i Ryfylke. Formidling gjennom “Ryfylkeprosjektet” vil derfor være sentral. Resultat fra forsøket vil også bli formidlet gjennom nasjonal fiskeripresse, og man vil publisere i internasjonale tidskrift der dette er relevant. Havforskningsinstituttet vil også delta på lokale og nasjonale samlinger og møter, samt presentere resultater på internasjonale møter.
keyboard_arrow_up