Til innholdet

Analyse av landbasert oppdrett av laks: Produksjon, økonomi og risiko

Sammendrag (utdrag) av resultater fra prosjektets faglige sluttrapport
Landbasert oppdrett av matfisk
Ved full overgang til landbasert oppdrett av matfisk, inkludert framtidig vekst, viser konsekvensanalysen at ein med utgangspunkt i ​​​​resirkuleringsanlegg (RAS)-teknologi vil legge beslag på eit betydeleg landareal. Dersom alle anlegg vert bygd med årleg produksjonskapasitet på 10 000 tonn vil det vere behov for 130 anlegg og eit estimert bruttoareal på 11 700 mål. Arealbeslag for denne anleggstypen er estimert til 90 mål per anlegg, medan eit anlegg basert på gjennomstrøymingsteknologi med gjenbruk vil kreve nærare 64 mål. Til samanlikning kan nemnast at Tromsø-øya er 21 700 mål, noko som inneber at en full dekning av landbasert verksemd for dagens produksjon ved bruk av RAS vil kreve om lag 54 % av Tromsø-øya sitt landareal. Med utgangspunkt i eit årleg energiforbruk per kg produsert laks på 6 kWh vil overgang til landbasert verksemd medføre eit estimert energiforbruk på 7,8 TWh. Til samanlikning var energiforbruk for metallindustrien i 2017 omlag 33 TWh. I tillegg til eit betydeleg vassforbruk, estimert til ca. 0,520 og 33,7 milliardar kubikkmeter per år for høvesvis RAS og gjennomstrøyming med gjenbruk, vil storstilt landbasert verksemd også medføre produksjon av ei vesentleg mengde slam (estimert til 238 333 tonn slam med 90 % tørrstoff), og som det enno ikkje er utvikla gode kommersielle løysinger for med tanke på bærekraftig utnytting og avhending. Klimarekneskapen viser at laks produsert i landbaserte oppdrettsanlegg kan ha eit klimaspor på ca. 5,1 kg karbondioksid-ekvivalentar per kg matfisk produsert. Ein konkluderer vidare med at det enno er store manglar knytta til vitskaplege dokumenterte data for produksjon av matfisk for laks på land.

Kostnadsanalysen for landbasert oppdrett av matfisk tek utgangspunktet i eit anlegg med produksjonskapasitet på 6 000 tonn. Analysen er basert på ein likevektssituasjon der produksjonen skjer utan vidare uhell. Dette som ein viktig føresetnad for å analysere om produksjonskonseptet kan vere konkurransedyktig i marknaden. Produksjonskostnad er estimert til kr 43,60 per kg, noko som er monaleg meir enn i sjøbasert oppdrett der siste estimat frå Fiskeridirektoratet er på kr 30,60 for 2016. Sensitivitetsanalysar tyder på at produksjonskostnaden vil kunne variere aller mest ved monalege endringar i svinn og kapasitetsutnytting der slike avvik ikkje kan kompenserast for t.d. ved utsetting av meir smolt.

I analysen er det understreka at det er grunnleggjande uvisse når det gjeld mange relasjonar innan landbasert oppdrett og at risikoen er stor. Som ei tilnæring til dette har ein gjort ein enkel analyse av uvisse og risiko i landbasert RAS. Med RAS kan ein ved eit uhell i anlegget risikere at all fisk i alle avdelingar går tapt. I analysen har ein skissert eit slikt uhell der all fisk dør. Dette inneber heile 20 månader utan slakt, gitt at anlegget må fyllast opp att ved hjelp av eigen produksjon, noko som vil medføre store tap og i verste fall føre til at bedrifta vil gå konkurs. Alternativt ser ein på eit scenario der anlegget er delt inn i fem smittesoner, og ein føreset at uhellet vert avgrensa til berre ein modul. Dette ville medføre mykje mindre tap. På den andre sida vil fem smittesoner innebere større investeringar og høgare produksjonskostnader, slik at redusert risiko kjem til ein viss pris. Risikoanalysen viser at suksess innan landbasert oppdrett kjem an på ein god koordinasjon mellom biologi, teknologi, kjemi og økonomi.

Lukka anlegg i sjø
I analysen av oppdrett i lukka anlegg i sjø ser ein på påvekst av 100-grams settefisk i lukka anlegg heilt fram til slakt, samt på ei todelt påvekstfase i lukka og opne merdar. Resultata av kostnadsanalysen for lukka oppdrett tyder på at lukka produksjon gjev høgare produksjonskostnad enn tradisjonelt oppdrett som fylgje av store investeringar og auka driftskostnader. Med dei føresetnadene om investeringar som vert lagt til grunn for full produksjonssyklus i lukka anlegg finn ein at det vil vere vanskeleg å forsvare skilnaden i investeringsbeløp, med mindre ein opplever heilt spesielt krevjande utfordringar som ein kan addressere ved overgang til lukka produksjon. For lukka merdanlegg med full syklus kjem ein fram til ein produksjonskostnad på kr. 37,90/kg. Med utsett av 100-grams settefisk til ei lukka eining og vidare påvekst fram til slakt vert syklusen for lang og snittvekta/snitt-tettleik per eining for låg til at dette er økonomisk. Ein vil difor truleg vurdere andre produksjonsmodellar ved bruk av denne typen anlegg – anten med utsett av større settefisk eller eventuelt som mellomstasjon for produksjon av postsmolt til vidare påvekst opne merdar. I eit scenario som er analysert med kombinert lukka og open produksjon finn ein at produksjonskostnaden vert kr 32,60/kg som er monaleg lågare enn for full syklus i lukka anlegg (også her er kapasitetsutnytting eit problem, ettersom anlegget ikkje har fisk mykje av tida).

Teknologisk og biologisk risiko
Med omsyn til teknologisk og biologisk risiko drøftar rapporten risikoelement og reduserande tiltak knytta til generell kompetanse, funksjons- og driftsvenlegheit, prosjektering og bygging, tettleik, vekstsnøggleik og svinn, samt sjukdom, parasittar og bakteriell kontroll. Det generelle biletet er komplekst og samansett, og det er mange fellesnemnarar mellom landbasert oppdrett av matfisk og settefisk. For å lukkast med landbasert oppdrett (matfisk og settefisk), er det naudsynt å sikre eit kompetent og ikkje minst tverrfagleg miljø, særleg ettersom aktivitetar er knytta til m.a. biologi, vasskjemi, teknologi, elektrisitet, ventilasjon, prosjektering, byggeprosessar og generell røktarkompetanse. Dette gjeld heilt frå design av anlegg til bygging og oppstart av produksjon, og ikkje minst ved dagleg drift og periodisk vedlikehald. Herunder også tiltak og løysingar for redusert risiko, og kanskje særleg ein monaleg auka innsats innanfor det biologiske fagfeltet. Dette betyr at kompetanse knytta til røkting og teknologi må hevast gjennom ein samla innsats frå heile næringa. Dette vert spesielt viktig ettersom RAS og landbasert oppdrett generelt er inne i ei fase der utviklinga går svært raskt​​.​

Prosjektet bidrar med kunnskap og ulike scenarier for hel eller delvis overgang til eller økt bruk av ulike lukkede og/eller landbaserte anleggskonsept for produksjon av laks. Selv om det er mange forutsetninger som ligger til grunn for de enkelte analysene, og disse vil kunne endres over tid, vil resultatene være nyttige i ulike diskusjoner om denne typen teknologier og anlegg.​

Det er stor interesse for nye teknologier og driftsløsninger med lukkede og landbaserte anlegg. For å ha et bedre faktagrunnlag for diskusjoner om denne utviklingen er det behov for en balansert analyse som tar for seg ulike effekter av en slik utvikling.
 
Analysen vil konsentrere seg primært om tre aktuelle teknologier:
1. Fullskala produksjon på land i lukkete system
2. Utvidet smoltproduksjon, dvs. postsmolt/storsmolt kombinert med kortere sjøfase
3. Semi-lukket merd basert på utsett av vanlig smolt eller postsmolt
Å gi oversikt over:
• mulige konsekvenser av å flytte eksisterende og framtidig produksjon av laks til lukkete landbaserte system.
• mulige konsekvenser av utbygging av kapasitet for storsmoltproduksjon til lukkete landbaserte system og semilukkete flytende system.

Resultatene skal gi et faglig grunnlag til debatten om oppdrett i lukkete system og framtidig utvikling av næringen.

Analysen vil omfatte fire hovedområder:

1. Landbasert oppdrett

2. Landfase stor smolt

3.  Økonomiske analyser
Denne delen vil bygge på og videreføre 1 og 2. Man tar for seg:
   3.1 Landbasert oppdrett
   3.2 Tradisjonell sjøfase og
   3.3 Sjøfase i lukka merdanlegg
Analysene vil ta utgangspunkt i representative bedrifter i en viss skala.
 
4. Produksjonsrisiko
Resultatene vil formidles gjennom åpent tilgjengelige rapporter, samt på faglige konferanser som blant andre Aquaculture Europe 2018.
 
Det vil også legges opp til at resultatene kan presenteres som bakgrunn for ulike seminar og debatter om utvikling av norsk havbruksnæring.
keyboard_arrow_up