Prosjektnummer
Gjenfangst av fastståande fiskereiskap på avvege: Uttesting av systemet PingMe
• Det er store individuelle forskjellar blant båtane i kor godt systemet har ytt, blant anna på grunn av forskjellar i storleik, støy, skrogmateriale, fiskedjup og ekkoloddbruk.
• Dagens versjon av PingMe-systemet oppfyller nokre av krava som skal til for at eit slikt system skal bli tatt i bruk av næringa, som kor godt tilleggssensorane fungerer og at systemet fungerer i bølgjehøgde, botnstraum og brukstemperatur som er vanleg å kome ut for i kommersielt fiske. Men det er framleis ein del krav som er delvis- eller ikkje oppnådd.
• Sjølv om systemet kan bidra til å redusere leitetida drastisk og hindre reiskapstap, samt bidra til eit meir effektivt fiske med overvaking av miljøparameter er ikkje dette nødvendigvis noko fiskarane trur vil lette arbeidet deira på dette tidspunktet.
Erfaringane frå uttestinga viser at PingMe-systemet har potensial til å bli eit nyttig verktøy for sporing og gjenfangst av tapt fiskereiskap. Det blei dokumentert maksimal rekkjevidde på opp mot 1800 meter avstand. Samstundes viser resultata at ytinga er påverka av støy frå båten (spesielt ved høg fart) og ekkoloddbruk, som varierte mykje mellom fartøy, skrogtypar og fiskedjup. Den største båten, M/S Angelsen Senior, hadde gjennomgåande best rekkevidde og lågast støynivå, medan dei mindre fartøya opplevde større avgrensingar på grunt vatn og ved høg fart. Alle båtane hadde best yting av systemet under blåkveitefisket der dei fiska djupare.
-
Sluttrapport: Gjenfangst av fastståande fiskereiskap på avvege: Uttesting av systemet PingMe
Runde Forsking (RF). 1. desember 2025. Av Ovidie Mari Lynge (RF), Odd-Børre Humborstad (Havforskningsinstituttet (HI)), Kristin Collier Valle (Ocean Space Acoustics (OSAC)), Erle Smedbold (RF), Ørjan Sørstrønen Vabø (RF), Nils-Roar Hareiede (RF), Jørgen Høyer (HI), Jostein Saltskår (HI), Simon Strøm (OSAC) og Karsten Kvalsund (RF).
Runde Forsking AS er prosjektansvarleg og Havforskningsinstituttet (HI) er ein viktig samarbeidspartnar og vil blant anna styre arbeidspakke 3. I tillegg er Ocean Space Acoustics (OSAC) AS med i prosjektgruppa, samt to fiskefartøy som kan fiske med både garn og line.