Til innholdet

Selolje

Fiskeri- og havbruksnæringas forskningsfond har fått utarbeidd ein rapport om korleis selolje kan verte eit lønsamt produkt

Selolje kan finne plass, spesielt på marknadene for kosttilskott mellom anna i Austen. Marknaden for pet food, ingrediensar til spesialfór, er også interessant i Europa og Kanada. Ein mindre nisjemarknad, som ingrediens til norsk yngelfór, har større risiko. Dersom innleiande forsøk syner seg å gjeve positive svar og effektar, vil også dette produktområde kunne utviklast vidare med positive resultat. Verksemdene treng drahjelp og assistanse på marknads- og dokumentasjonssida for selolje.

 Vidare bør det gjennomførast kommersielt retta kliniske studiar for å stø opp under ei eksportsatsing når det gjeld bruk av olje til kosttilskott. I Norge er det generelt god kunnskap og kompetanse på området omega-3 olje og spesielt på selolje. Dette utgjer eit godt fundament for å kunne arbeide vidare med kommersialiseringa i eit høgt tempo. Selolja har ein spesiell samansetning og oppbygging og skil seg i så måte frå andre oljer med fisk som råstoff. Studiar av kva effektar dette kan ha ma. i høve til fleire alvorlege sjukdomar tykkjest å kunne verte eit spanande og utfordrande forskningsområde i tida framover. Denne rapporten er vorten utarbeidd etter at St. meld. nr. 27 (2003-2004) om Norsk Sjøpattedyrpolitikk vart framlagt av Fiskeri- og kystdepartementet.

I meldinga vert det gjort framlegg om auka kvotar for fangst av Grønlandssel. Vidare må lønsemda i heile verdikjeda aukast monalegt ved at det vert lagt større vekt på produktutvikling, videreforedling og marknadsføring. Dette vil krevje at næringa evnar å omstille seg noko som vil bli krevjande og utfordrande både kompetansemessig og ikkje minst økonomisk. Sel- og fiskerinæring på den eine sida, og norske private- og offentlege finansiørar på den andre sida må ta ansvaret for at eit slikt arbeid vert gjennomført.

Rapport om selolje er ein bolk i det arbeidet Fiskeri- og havbruksnæringas forskningsfond arbeider med i høve til sel. I tillegg vert det arbeidd med eit fangstprosjekt og ulike produktutviklingstiltak på skinnsida.

keyboard_arrow_up