Prosjektnummer
Kartlegging av forekomst av Listeria monocytogenes i sjø
• I denne undersøkinga fann ein høgast forekomst av Listeria monocytogenes på dødfisk og dødfiskutstyr (45 %).
• Dei fleste stammene som ein finn på sjøanlegga finn ein også i brønnbåt og på slakteri. Det kan sjå ut som at brønnbåtane kontaminerast ved lasting av fisk og at dette bidreg til å auke smittepresset på fisk ved lossing inn til slakteriet.
Ein kan nok ikkje konkludere med at dødfisk i seg sjølv er hovedkilda til Listeria monocytogenes i sjøanlegg basert på desse funna, men det kan sjå ut som at dødfisk kan representere ein potensielt viktig smittekjelde på sjøanlegget og kanskje eit viktig “oppformeringsmedium”. Ved å sørge for hyppig fjerning av dødfisk kan ein redusere risiko for at ei slik oppformering skjer.
Det kan sjå ut som at brønnbåtane kontaminerast ved lasting av fisk og at dette bidrar til å auke smittepresset på fisk ved lossing inn til slakteri. Genotyping viser at stammene som er funne på fisk i sjø, også følger med over i brønnbåten og inn til slakteriet. Genotyping viser også at andel stammer som følger med inn til slakteriet er større frå brønnbåt enn frå sjøanlegg.
-
Notat: Analyse av Listeria monocytogenes i marin matriks med metode: AM4x.01.45
Eurofins Food & Feed Testing Norway AS, TEST001. 17. januar 2019. Av Hanne Stolba.
-
Sluttrapport: Kartlegging av forekomst av Listeria monocytogenes i sjø
Mowi ASA. 24. mai 2019. Av Randi Nordstoga Haldorsen.
Formålet med dette prosjektet er å gjennomføre systematisk prøvetaking av utvalde lokalitetar gjennom året, for å kartlegge kor stor forekomsten av Listeria monocytogenes er og om det er samme mønster som i Canada. Det er dernest viktig å finne ut kor stor betydning forekomst av listeria i sjø har for påvisning av Listeria monocytogenes på laks i fabrikk. Alle påviste Listeria monocytogenes vil bli genotypa på eigen lab. På denne måten kan ein få betre svar på kor stor relevans påvisningar på lokalitet i sjø har for påvisningar i fabrikk.
Å fremskaffe kunnskap om utbredelse av listeria i sjøfasen og nytte denne kunnskapen til å gjennomføre målretta tiltak for å redusere forekomst av Listeria monocytogenes på sløyd laks.
• ekstra spyling av fisk ved slakting av “risikoanlegg”
• ekstraordinær vasking av fabrikk under slakting av fisk frå “risikoanlegg” for å hindre etablering av Listeria monocytogenes i utstyr i fabrikken
• ekstraordinære tiltak på brønnbåt i form av ekstra kontroller og ekstra vasking
I tillegg til dette er tre lokaliteter plukka ut for utvida prøvetaking. På desse lokalitetene vil ein ta:
1. vassprøver i merd, utafor merd og mellom anlegg og land, eventuelt mellom anlegg og ferskvasstilsig (elv). Tre ulike djup på alle prøvepunkt
2. vassprøver frå brønnbåt/slaktebåt, før og etter at fisken er pumpa om bord
3. fôrprøver: Fôrprøver frå silo og fôrslanger
4. prøver av blåskjell og anna groe på not eller på potongar på anlegg
5. registrering av verforhold, prøvetakingsdag, temperatur, samt salinitet i dei ulike djup
6. prøver av fisk i dødfisk-håv
7. prøver av fisketarm på slakteri
Eurofins skal gjennomføre alle analysene. Sjølve uttaka av dei ulike prøvene utføres av Marine Harvest.
-
Sluttrapport: Kartlegging av forekomst av Listeria monocytogenes i sjø
Mowi ASA. 24. mai 2019. Av Randi Nordstoga Haldorsen.